Foto: Lukas Seitz, Unsplash
Klimaendringane gjer at fjellheimen endrar seg. Det påverkar tryggleiken til dei som ferdast i fjellet. Forskarane Kristin Løseth og Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking skriv om temaet i ein kronikk med vekt på Jotunheimen.
Ein nyleg avslutta studie viser at også i Jotunheimen er turgåarar utsette for risiko som følge av klimaendringane. Brekollaps, isskred og steinsprang er meir sannsynleg enn før og kan råke turistar og infrastruktur.
Nyleg kollapsa den øvre delen Gjertvassbreen i Jotunheimen, og med det enorme bre- og fjellskredet i Nepal friskt i minne, vart hendinga ei påminning om at også høgfjellet i Noreg er påverka av klimaendringane.
Styggedalsbreen er utsett for same type kollaps som den i Himalaya i 2026. Brekalving og isskred kan der og andre stader treffe vatn og elvar, som igjen kan gje styrtflaum. Også steinsprang er ein aukande risiko, og
I august 2024 omkom ein utanlandsk turist etter eit steinsprang mot ein mykje brukt sti langs Gjende. Forskarane bak kronikken har analysert kvar steinsprang og flaumskred kan gå, og kva dei kan treffe. Resultata viser at det som i utgangspunktet er ein fin tur i enkelt terreng, brått kan bli forbunde med livsfare.
Forskarane peikar på nokre tiltak dei ser som nødvendige ute i terrenget, som å legge om stiar. Dei understrekar òg at det er behov for å spreie oppdatert kunnskap til turgåarar og aktørane dei møter. Kronikkforfattarane nemner særleg utanlanske turistar, som gjerne spør hyttevertar og tilsette på turistkontor.
Kronikken er skriven av Halvor Dannevig, Kristin Løseth (begge Vestlandsforsking), Albert Lunde, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Ketil Isaksen, seniorforskar ved Meteorologisk institutt og Bernd Etzelmüller, professor ved Universitetet i Oslo. Meir om den vitskaplege studien finn du på Vestlandsforsking sine nettsider.