Nyhende
Fleire legg ut på tur i Norge. Det betyr meir slitasje på stiar og større påkjenningar for dyr og planter. Kva kan vi gjere med det?
Korleis kan vi styre friluftsfolket unna villreinen slik at begge partar får det dei treng? Og kven skal ta jobben med å informere? Sjå webinaret vårt 16. april, der vi legg fram nye funn og snakkar om korleis vi kan løyse knipa.
Trivst innbyggarane i Sogn med turisttrykket dei har i dag, eller er det på tide at kommunane tek grep? Ferske innbyggarundersøkingar gir svar.
I Sogndal sitt skiparadis ønskjer utbyggarar seg opptil 1000 nye hytter. Kva vil lokalsamfunnet tene på det? Korleis kan kommunar sikre at dei få varige verdiar ut av hyttebygging? Det er tema for eit webinar i regi av Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv 9. april.
Med midlar frå Forskingsrådet skal Vestlandsforsking følgje gründerbedrifta bak appen Kulturjakten når dei løftar tenesta si til eit nytt nivå ved hjelp av kunstig intelligens. Appen gir turistar og andre ein ny måte å bli kjend med kulturarven på.
– Å kunne hjelpe slike spennande aktørar med forskingsbidrag, er heilt topp, seier Ivar Petter Grøtte.
Korttidsutleige gjennom digitale plattformer som Airbnb skaper stadig større utfordringar for reiselivskommunar. – Norge manglar nasjonal regulering av korttidsutleige, seier seniorforskar Alexandra Meyer ved Vestlandsforsking. I eit webinar 24. mars set vi søkelys på kva kommunane kan gjere med situasjonen.
Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv inviterer til fem webinar om problemstillingar reiselivet i Noreg står ovanfor. Webinara har relevans for reiselivsaktørar, kommunar, lokalbefolkning, forskarar, politikarar og andre. Airbnb, hytter, villrein, slitasje på natur og cruise står på programmet våren 2026.
Vestlandsforsking har i 2025 utført ei større utgreiing for Sognarådet om mogelegheiter og tolegrenser for reiselivet i Sogn. No er hovudrapporten og notata frå studien klare.
Vestlandsforsking har det siste året kartlagt tilstanden i reiselivet i Sogn på oppdrag frå Sognarådet. Visit Sognefjord inviterte nyleg til arbeidsverkstad basert på Vestlandsforsking sine funn.
– Vi har teke temperaturen på kommunane i regionen, og sett at den er høg i visse område, til dels veldig høg, seier forskarane bak studien.
Denne veka reiser Kristin Løseth og Agnes B. Engeset til Bornholm for å halde innlegg for andre nordiske forskarar om to svært aktuelle tema i norsk samanheng: innbyggarars syn på cruiseturisme, og korleis klimaendringar påverkar fjellturismen.
Han har ein fot i reiselivet og ein i forsking og utvikling. Det er eit godt utgangspunkt for å vekke merksemda til reiselivsstudentar.
Høgskulen på Vestlandet startar opp eit nytt forskingsprosjekt om framtidig utdanning og kompetanseheving i turistnæringa. Prosjektet tek for seg ei utfordring som finst i fleire land: korleis ein kan skaffe nok kompetent arbeidskraft til reiselivet.
Talet på turistar ved enkelte norske reisemål kan til visse tider toppe seg, og lokalsamfunn med stor tilstrøyming opplever at visse grenser blir nådd i høgsesongen. Agnes B. Engeset snakka nyleg til nasjonalparkkommunane om tolegrense-tematikk.
Etter mange års vekst i turiststraumen til Svalbard, innførte styresmaktene strengare reglar for å beskytte natur og miljø i 2025. I ein ny fagartikkel ser forskarane på prosessen fram til innstramminga.
Torsdag 14. august inviterer Vestlandsforsking til debatten “Vekst i reiselivet: gode inntekter, men høge utslepp og slitne lokalsamfunn. Kvar går vegen vidare?” Du finn oss i bakgarden til GRID-Arendal kl. 11–11.45.
Evig duskregn og kjølege sommardagar kan gjere alle og ein kvar vêrsjuke. Men stemmer det verkeleg at turistar frå varmare land faktisk kjem hit fordi vi ikkje har varme? Dette spørsmålet får Carlo Aall ved Vestlandsforsking relativt ofte.
Korleis kan vi få ned klimautsleppa frå norsk reiseliv? Torsdag 14. august finn du oss på Arendalsveka, der vi deler ny innsikt og inviterer til debatt om vekst i reiselivet.
Dei tre kommunane i Sogn som har anløp av cruiseskip, har gitt Vestlandsforsking i oppdrag å undersøke korleis innbyggarane opplever både cruiseturisme og turisttrafikken på land. I juni går eit digitalt spørjeskjema ut til folk i Aurland, både på papir og digitalt. Seinare kjem turen til Luster og Vik.
Jostice prosjektet har resultert i fleire publikasjonar i det siste, både populærvitskapleg og vitskapleg.
Forskarar har prøvd å talfeste den norske lekkasjen til dei fire største bookingplattformene. Studien viser at stadig meir pengar går ut av landet på denne måten.
Vestlandsforsking samarbeider for tida med tre reiselivsaktørar i Vestland gjennom ordninga “Forskar til låns”.
Kan vi styre turismen? Det er eitt av spørsmåla som truleg vil dukke opp i framtidige fou-prosjekt i regi av senteret
Forskarar frå reiselivssenteret har bidrege til ei ny fagbok om nordisk kystturisme.