Første møte i det nye Kunnskapssenteret
Det første møtet i regi av Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv fann stad på Vestlandshuset i Bergen 4. februar 2025. Både offentlege forvaltningsaktørar og næringa var representerte.
På oppstartsmøtet i Bergen 4. februar deltok mange aktørar innan reiselivet i Vestland, inkludert Visit Sognefjord, Visit Bergen, Visit Hardangerfjord, Visit Sunnhordland, Sogn Næring, Norway’s Best og Norsk Reiseliv. I tillegg var det representantar frå offentlege verksemder som Fjordane regionråd, Hardangerrådet, KS Vestland og Vestland fylkeskommune, som var vertskap på Vestlandshuset.
Foto: Idun A. Husabø
Diskusjon om utfordringar i reiselivet
Ei gruppe forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet tok opp aktuelle utfordringar i reiselivet, som turistopphoping i visse område, kva problem kunstig intelligens kan løyse, korleis reiselivet kan auke verdiskapinga med lokal mat og drikke, aukande fare for skred, flaum og annan klimarisiko der turistar ferdast, og korleis reiselivsnæringa kan auke verdiskapinga ved å tilby meir lokal mat og drikke.
Dette er tema som har blitt forska på og som det vil bli forska meir på i framtida. Dei frammøtte hadde mykje på hjartet og bidrog med verdifulle synspunkt og observasjonar. Desse innspela vil danne grunnlaget for forskingsprosjekta til Kunnskapssenteret.