Prosjekt

2025

TourRisk-prosjektet handlar om å legge fram ein modell for korleis det norske reiselivet kan redusere klimautslepp og auke verdiskaping. Prosjektet skal skissere kva slags politikk som kan gje oss den reiselivsnæringa Norge verkeleg treng i framtida, gitt klimasituasjonen verda står overfor.

Vestlandsforsking gjennomfører ein mogelegheitsstudie og tolegrenseanalyse for Visit Sognefjorden. Oppdraget omfattar òg ein tilleggsstudie for fleire kommunar i regionen. Målet med studien er å skaffe eit betre grunnlag for å handtere veksten i turismen på ein berekraftig måte.

Bekkjarvik er ei kystbygd med rik historie og kulturarv, kjent for sin maritime tradisjon og vakker natur. Bekkjarvik Experience vil saman med Vestlandsforsking vidareutvikle Bekkjarvik som ein heilårsdestinasjon som fremmar bulyst, bevarer kulturarven, og balanserer vekst med omsyn til miljø og samfunn.

Stormhyttene på Lykling og garden Gullvegen Gardstun kombinerer berekraftig nyskapning, lokal historie, tradisjon og opplevingsbasert turisme i vakker natur. Målet er å utvikle garden til eit levande og attraktivt reisemål, og potensielt ein reiselivsdestinasjon, der gjestene får ei djupt forankra oppleving av lokal kultur og natur.

2024

Korleis kan ein ta vare på ei kulturhistorisk perle gjennom berekraftig fornying? Iversens Hotel er eit historisk hotell med ein ikonisk utsjånad og ligg midt i sentrum av Norheimsund i Hardanger. Målet er at miljøavtrykket skal vere så lite som mogeleg. Det vil aktørane bruke som grunnlag for høg verdiskaping per besøk/overnatting.

Vestlandsforsking har fått i oppdrag av Eidfjord kommune å utarbeide ein tolegrenseanalyse som kunnskapsgrunnlag for betre heilskapleg besøksforvalting og ein plan for berekraftig utvikling av kommunesenteret.

Dette forprosjektet skal hjelpe Kongevegen over Filefjell å løyse utfordringa med å få fram ny kunnskap kring teknologi og reiseliv og korleis teknologi kan vere ein respons på heilårsdrift, i tillegg til å sjå på korleis teknologi kan gje nye produkt og nye marknadar, som i sin tur legg til rette for heilårsdrift på ein berekraftig måte.

Vestland fylkeskommune tinga ei kartlegging av eksisterande og avslutta prosjekt og satsingar som fokuserer på lokalmat i Vestland fylke. Målet er å få oversikt, kunnskap og erfaringar som kan brukast til vidare arbeid i Vestland fylkeskommune.

2023

Hovudmålet med prosjektet er å utvikle kunnskap om korleis fjellturismesystemet kan forhalde seg til fysisk klimarisiko i Jotunheimen.

Vestlandsforsking har fått i oppdrag av Visit Svalbard å definere tolegrensa for framtidig cruiseturisme på Svalbard. Tolegrenseanalysen skal vere eit verktøy for planlegging av besøksstrategiar. Ved hjelp av sju tolegrensedimensjonar skal oppdraget finne grensa for kva Longyearbyen toler av belastning.

Prosjektet ser på korleis immateriell kulturarv, som tradisjonshandverk og gamal kunnskap om naturmateriale, kan spele ei rolle for meir berekraftig vareproduksjon og styrke det kulturbaserte reiselivet i Kvam.

Eit samarbeid mellom ein etablert og ein ny kulturaktørar, lokale styresmakter og Vestlandsforsking. Målet er å teste metodikkar i caseområdet Kaupanger for å forbetre og utvikle nye og heilskaplege besøksopplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur.

Towards Innovation in Rural and Peripheral Tourism - ph.d.-prosjekt, HVL

Prosjektet skal bidra til å forstå graden av innovasjon som er nødvendig for at ulike reiselivsprodukt eller tenester skal kunne bidra til regional utvikling. Vidare har prosjektet som mål å bidra til auka kunnskap om utfordringane og moglegheitene aktørar i det rurale reiselivet møter på i samband med dette og korleis innovasjon kan bidra til vekst og konkurranseevne hjå aktørane i marknaden.