Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv utviklar og formidlar ny kunnskap om berekraftig reiseliv.

Berekraft i reiselivet betyr ikkje berre sporlaus ferdsel og låge utslepp. Også sosial berekraft er viktig for at framtidige generasjonar skal få oppleve dei same naturperlene og reisemåla som oss. Foto: Squarespace

Senteret starta opp i 2025 med utspring i Vestlandsforsking og Vestlandet. Vi legg opp til samarbeid mellom reiselivsnæringa, kommunar og forskingsmiljø.

Ei meir lønsam, klimavenleg og digital næring

Kunnskapssenteret har ein treårig oppstartsfase frå 2025 til 2027 med regional finansiering frå aktørar i Vestland. Det er Vestlandsforsking som er initiativtakar og vertsinstitusjon.

Hovudmålet med det nasjonale kunnskapssenteret er å gjere reiselivsnæringa meir lønsam, klimavenleg og digital. Ambisjonen er at senteret òg vert blant dei leiande internasjonalt når det gjeld berekraftig reiseliv.

Kort veg frå forsking til praksis

Senteret samarbeider med og utviklar relevant kunnskap for private aktørar i heile verdikjeda i reiselivet, transportaktørar, overnattingsbransjen, mat- og drikkebransjen, og halvoffentlege aktørar som reisemålsselskap. Vidare vil kunnskapssenteret samarbeide med og produsere kunnskap for politikkutforming for offentlege aktørar på ulike forvaltingsnivå, både kommunar, fylkeskommunar, statlege organ på fylkes- eller regionnivå, direktorat og departement. Senteret skal styrke samhandlinga mellom ulike aktørar i utvikling av reisemål og god besøksforvaltning.

Kunnskapsproduksjonen skal vere løysingsorientert, med kort veg frå forskingsresultat til praksis. Forskarane ved senteret vil ta del i utviklingsprosjekt, i tillegg til å formidle kunnskap via kurs, undervisning og media.

Lokalisering

Kunnskapssenteret er lokalisert til forskings- og utdanningsmiljøet i Sogndal ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet – Campus Sogndal. Vestlandsforsking er vertsinstitusjon og vil etter kvart søke samarbeid med fleire FoU-partnarar.

Snorklyppinga 19. desember 2024 var ved Oddmund Klakegg (Vestland fylkeskommune, leiar i hovudutval for næring og utvikling), med assistanse frå Hallvard Klakegg (direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) og Ragnhild Skahjem Tofastrud, (leiar for kommunikasjon og kundeopplevingar i Sogn Sparebank). I bakgrunnen: Stig Ove Ølmheim (ordførar i Sogndal kommune) og Silja Ekeland Bjørkly (styreleiar i Vestlandsforsking). Foto: Arve Uglum