Partnarar

Reiselivssenteret har invitert ei rekkje representantar for nøkkelinstitusjonar i reiselivsnæringa til samarbeidet, i tillegg til eit utval offentlege aktørar. I løpet av den 3-årige oppstartsfasen frå 2025 til 2028, vil fleire samarbeidspartnarar kome til.

Samarbeidspartnarar (reiseliv/offentleg sektor):

Relevans

Samarbeidspartnarar er ein ressurs senteret brukar til å sikre høg næringsrelevans, god dialog og samhandling med aktørar som brukar kunnskapen. 

To møte i året

Samarbeidspartnarane og senterleiinga møtest to gonger i året. Føremålet med møta er gjensidig orientering om arbeidet innan berekraftig reiseliv og relevante prosjekt.

Informasjon frå møta blir elles brukt til å utvikle idear til nye FoU-prosjekt og til kompetanseheving ved senteret. Senterleiinga inviterer partnarane til å føreslå tema i forkant av samlingane.

Ta kontakt med Anna Maria Urbaniak-Brekke dersom du lurer på noko eller ønskjer å bli partnar i senteret.

Mange av samarbeidspartnarane var til stades på oppstartmøtet i Bergen i februar 2025. Fremst: Vestlandsforsking sin direktør, Anne Karin Hamre. Foto: Idun A. Husabø