“Forskar til låns” hos Iversens Hotel, Gullvegen Gardstun og Bekkjarvik

Bekkjarvik i Austevoll på sommarstid. Foto: Unsplash.

Forskarar frå Vestlandsforsking jobbar med tre nye forskar til låns-prosjekt. Til dette arbeidet mottek vi støtte frå Vestland fylkeskommune. Målet med ordninga er å utvikle reiselivstilbodet på Vestlandet.

Kombinasjon av hotell og møteplass

«Iversenbygget» i Norheimsund er eit historisk hotell med ein svært ikonisk utsjånad. Hotellet ligg midt i sentrum av Norheimsund i Hardanger og er i forholdsvis god stand. Mykje av orginalinnreiinga er intakt.

Verksemda Iversen L/L står framfor store investeringar og har difor behov for dialog med eit forskingsmiljø om korleis dei kan skape ei levedyktig reiselivsverksemd av ein slik overnattingsplass, kombinert med å lage ein møteplass både for lokalbefolkninga og dei tilreisande. Dei legg vekt på at verksemda skal ha eit så lite miljøavtrykk som mogeleg og vil bruke det som grunnlag for høg verdiskaping per besøk eller overnatting.

Berekraftige opplevingar og utvida opphald

Stormhyttene på Lykling og garden Gullvegen Gardstun er eit initiativ som skal sameine berekraftig innovasjon, lokal historie, tradisjon og opplevingsbasert turisme i vakre omgjevnader. For å leggje eit solid grunnlag for vidare utvikling, søkjer dei forskingsstøtte.

Vestlandsforsking spelar ei sentral rolle i dette prosjektet ved å bidra med fagleg innsikt i berekraftige løysingar innan opplevingsdesign, korleis ein kan forlengje opphalda til gjestene til meir enn éi natt, og korleis ein kan bruke Unesco Geopark Sunnhordland i konseptualiseringa og formidlinga i vidare utvikling.

Vil bli heilårs reisemål

Bekkjarvik i Austevoll er en kystbygd med rik historie og kulturarv. Staden er kjend for maritime tradisjonar og flott natur. Målet til Bekkjarvik Experience er å vidareutvikle Bekkjarvik til eit heilårs reisemål som fremmar bulyst, tek vare på kulturarven og balanserer vekst med omsyn til miljø og samfunn.

For å løyse utfordringene skal prosjektpartnarar gjennomføre ei synfaring, kartlegge og analysere relevant kunnskap, identifisere prioritere utviklingsområda destinasjonen bør satse på framover og utarbeide ein strategi for vidare forskings- og utviklingsarbeid.

På denne måten kan prosjektet bidra til større tilstrøyming av besøkande gjennom heile året, berekraftig destinasjonsutvikling, styrka lokal identitet og auka bulyst, økonomisk vekst og fleire arbeidsplassar.

Prosjektet er et samarbeid mellom Bekkjarvik Experience og Vestlandsforsking.

Forrige
Forrige

Ny fagbok om kystturisme

Neste
Neste

Første møte i det nye Kunnskapssenteret