Ny fagbok om kystturisme

Fleire av forskarane i Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv har bidrege til den nye fagboka om kystturisme i Norden.

Dei nordiske kystane kombinerer ein rik maritim arv og tradisjon med eit eineståande mangfald av landskap og mange naturreservat.

Fagboka “Nordic Coastal Tourism” tek for seg berekraftig reiselivsutvikling. Forskarane ser mellom anna på utviklingsstrategiar i ulike kystregionar i Norden.

Professor Ove Oklevik ved HVL er ein av tre redaktørar. I tillegg har fleire forskarar i Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv bidrege med kapittel i boka.

Viktig tilleggsnæring

Dei siste tiåra har turismeforsking vore aktuelt blant forskarar i Norden og i internasjonal turismelitteratur. Særleg viktig i denne samanhengen er forsking på kystturisme, som forskarane reknar som både “lineær” og områdebasert.

Den aukande interessa for kystturisme heng saman med at rundt 40 prosent av verdas befolkning bur ved kysten eller i kystsona. Desse samfunna er avhengige av kystturisme som eit tillegg til andre næringar, som fiskeri, jordbruk og kommersiell hamneverksemd.

Ventar vekst

Kystturisme og maritim turisme utgjer ein av dei viktigaste tematiske undersektorane i dei nordiske landa. Det er òg utsikter til ytterlegare vekst i åra som kjem, og kyst- og havturismen sitt fulle potensial enno ikkje avdekt.

Å sikre føresetnadene for ei berekraftig utvikling av kyst- og havturismen kan bidra positivt til økonomisk vekst og sysselsetjing i Norden og til styrking av forholdet mellom landa. Det kan òg støtte opp under berekraftig utvikling i dei meir avsidesliggjande kystregionane og by på berekraftige løysingar for kystsamfunna i åra som kjem.

Forrige
Forrige

Ny fagartikkel om lekkasje til internasjonale bookingplattformer

Neste
Neste

“Forskar til låns” hos Iversens Hotel, Gullvegen Gardstun og Bekkjarvik