Ny fagartikkel om lekkasje til internasjonale bookingplattformer

Stefan Gössling er forskingskoordinator for reiseliv ved Vestlandsforsking og har leia arbeidet med fagartikkelen i Annals of Tourism Research. Medforfattarane hans er Andreas Humpe, Kristin Løseth, Hans Jakob Walnum, Ya-Yen Sun, Sara Dolnicar, Ove Oklevik, Leif Egil Heim og Nina M. Iversen. Foto: Idun A. Husabø

Kor mykje tapar tilbydarar i reiselivet på at bestillingar går via internasjonale bookingplattformer? Stefan Gössling og kollegaer i forskingsprosjektet TourRisk har rekna på kor store summar det utgjer at ein fjerdedel av gjestedøgna i Norge blir bestilt via desse tenestene.

Økonomisk lekkasje har lenge vore eit tema i reislivsforsking, særleg knytt til at inntekter frå næringa flyt frå låginntektsland tilbake til investorar frå høginntekstland. Dei siste åra har derimot ei anna side ved økonomisk lekkasje fått merksemd og her heime. Store internasjonale bookingplattformer tek høg provisjon for tenestenesine, og dermed siver delar av inntektene knytt til overnatting, transport og andre tenester ut av landet.

Stadig større lekkasje

Kor mykje utgjer dette i kroner? Som del av prosjektet TourRisk, har forskarar frå Vestlandsforsking prøvd å kvantifisere lekkasjen Norge har frå dei fire store bookingplattformene, Booking, Expedia, TripAdvisor, og Airb&b (Gössling m.fl., 2025). Både eksperimentelle data frå Eurostat og tal frå SSB vart brukt i utrekningane.  

Resultata viser at rundt ein fjerdedel av gjestedøgna no vert bestilte via desse tenestene, noko som resulterer i eit estimert inntektstap på 2 prosent for overnattingssektoren.

Resultata viser vidare at lekkasjen er høg og aukande. Medan provisjonen totalt var 180 millionar norske kroner i 2018, er den no oppe i 454 millionar. Sjølv om provisjon genererer meirverdiavgift som blir verande nasjonalt, blir mesteparten av dei brutto 454 millionane overførte til utlandet.

Studien set spørsmålsteikn ved utviklinga, og forskarane spør om ein burde setje inn tiltak for å redusere lekkasjen, til dømes gjennom å promotere direkte bookingar eller ved å utvikle nasjonale eller regionale bookingplattformar.

Les fagartikkelen

Forrige
Forrige

Tre brepublikasjonar på tre dagar

Neste
Neste

Ny fagbok om kystturisme