Tre brepublikasjonar på tre dagar
Brefronten på Nigardsbreen i Jostedalen har trekt seg langt oppover svaberga dei siste åra. Det kompliserer kvardagen til dei som driv med breføring og turisme. (Foto: Tone Rusdal)
Forskingsprosjektet Jostice, som handlar om Jostedalsbreen, har stått for fleire publikasjonar i det siste, både vitskaplege og populærvitskaplege. Tre av desse kom ut i løpet av tre dagar i starten av juni.
1) Ein vitskapleg artikkel skriven av forskarar frå Universitetet i Bergen og Vestlandsforsking, der temaet mellom anna er skilnader i besøksmotivasjon og oppfatning av klimaendringar mellom Nigardsbreen og Briksdalsbreen. Artikkelen er publisert i Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism:
Burrill, J., Dannevig, Halvor, & Brendehaug, E. (u.å.). What are melting glaciers good for? Examining the extent of glacier retreat on tourist engagement with climate change. Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism, 1–23. https://doi.org/10.1080/15022250.2025.2508711
2) Ein kronikk i høve brekollapsen i Sveits: "Blir norske breer farligere?" av Liss Andresen (NVE), Halvor Dannevig (VF) og Rune Engeset (NVE), publisert i Forskersonen og Fri Flyt og deretter i Sogn Avis.
3) Ein kronikk om bresmelting og reiseliv av Eivind Brendehaug (VF) og Halvor Dannevig (VF): "Finnes det et reiseliv når breane forsvinn", først publisert i Nationen og deretter i lokalaviser i Nordfjord.
Konsekvensar for natur og samfunn av klimaendringar på Jostedalsbreen
Lokalsamfunn og næringar vil bli påverka både direkte og indirekte når klimaendringane får stadig meir av isen i Jostedalsbreen til å smelte slik at kjende brearmar trekker seg tilbake. Vestlandsforsking står for ein samfunnsvitskapleg del av prosjektet, der forskarane studerer konsekvensar for både kraftproduksjon, landbruk og turisme.
Gjennom å trekke inn næringsutøvarar i arbeidet, skal forskarane identifisere registrerte og opplevde konsekvensar av desse endringane. Resultata vil gje eit vitskapeleg grunnlag for å utforme strategiar og tiltak for tilpassing for kvar einskild næring.