Undersøker innbyggarane sitt syn på reiselivet

Senterleiar Agnes B. Engeset orienterte om tolegrenseanalysen og mogelegheitsstudien Vestlandsforsking utfører på folkemøtet på Skjolden 24. juni. Foto: Torunn G. Hønsi

Skipsanløp i Skjolden 24. juni. Foto: Agnes B. Engeset

Dei tre kommunane i Sogn som har anløp av cruiseskip, har gitt Vestlandsforsking i oppdrag å undersøke korleis innbyggarane opplever både cruiseturismen og turisttrafikken på land.

I juni går eit spørjeskjema ut til folk i Aurland, både på papir og digitalt. Seinare kjem turen til Luster og Vik.
– Med stadig fleire turistar, har kommunar og reisemålsselskap blitt meir opptekne av å ta omsyn til fastbuande. Difor er slike undersøkingar heilt avgjerande, seier Agnes Brudvik Engeset.

Kommunane Aurland, Luster og Vik har tinga ei undersøking frå Vestlandsforsking og det nyoppretta Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv i samband med at forskarane i 2025 gjennomfører ein større analyse av tolegrenser og mogelegheiter for reiselivet i sju kommunar i Sogn. Dette skjer i samband med  Sognarådet si bestilling av tolegrenseanalyse og moglegheitstudie i 7 kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Vik og Høyanger.

Les meir på Vestlandsforsking sine sider

Forrige
Forrige

Treff oss på Arendalsveka!

Neste
Neste

Tre brepublikasjonar på tre dagar