Treff oss på Arendalsveka!
Vestlandsforsking har vore til stades på Arendalsveka fleire gonger. Her frå ein debatt med klima- og miljøministeren i 2024.
Korleis kan vi få ned klimautsleppa frå norsk reiseliv? Torsdag 14. august finn du oss på Arendalsveka, der vi deler ny innsikt og inviterer til debatt om vekst i reiselivet.
2024 var eit rekordår for overnattingar i Noreg, og veksten er venta å halde fram, med utanlandske besøkande som ei viktig gruppe. Pilene peiker oppover, men veksten er ikkje uproblematisk. Trass i at Norge har forplikta seg til å bli eit lågutsleppssamfunn innan dei neste 30 åra, ser vi få tiltak som verkeleg monnar. For å nå klimamåla må samfunnet gjennom ei djup omstilling og kutt i klimagassutslepp har vist seg å vere særskilt utfordrande for reiselivsnæringa.
Kristin Løseth, seniorforskar ved Vestlandsforsking, vil presentere frå prosjektet TourRisk og presentere tilrådingar for korleis vi kan få ned utsleppa frå reiselivet. Stein Ove Rolland i Fjord Norge vil peike på kva slags utfordringar næringa sjølv ser knytt til veksten. Deretter inviterer vi til debatt om kor vidt vi treng sterkare nasjonale føringar for å handtere veksten i reiselivet.
Arrangementet Vekst i reiselivet: gode inntekter, men høge utslepp og slitne lokalsamfunn. Kvar går vegen vidare? føregår i lokala til GRID-Arendal torsdag 14. august i tidsrommet 11.00–11.45. Arrangøren er Vestlandsforsking/Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv.