Er «coolcation»-turistane her alt?
Skya vêr og nedbør er ein nesten garantert å få om ein legg ferieturen til Norge. Foto: Squarespace
Evig duskregn og kjølege sommardagar kan gjere alle og ein kvar vêrsjuke. Men stemmer det verkeleg at turistar frå varmare land faktisk kjem hit fordi vi ikkje har varme?
Dette spørsmålet får Carlo Aall ved Vestlandsforsking relativt ofte. Han har fleire gonger stilt til intervju om fenomenet, seinast i juni i år. Nedanfor kan du lese kva han svarde sist NRK tok kontakt.
Enkelt forklart reknar Aall «coolcation» som eit ferieopphald som har som mål å sleppe unna utoleleg varme, anten heime eller der ein før har brukt å feriere. Nemninga vart lansert av reiselivsmagasinet «Condé Nast Traveler» i desember 2023 som ein av seks nye trendar for 2024.
– Men fenomenet «kuldeturisme» er eigentleg ingen ny idé. Rike romarar gjorde det same for 2000 år sidan då dei bygde sommervillaer ved Napoli-bukta for å sleppe unna heten i det tronge Roma, seier Aall.
Carlo Aall er leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking og har berekraftig reiseliv som eitt av forskingsområda sine. Foto: Idun A. Husabø
Ser tre hovudgrupper
Det finst ingen statistikk på kva land kuldeturistane kjem frå, men Aall reknar med at det finst tre hovudtypar av slike turistar: Den første er folk som kjem nordover frå utoleleg varme heimland, til dømes på den arabiske halvøya. Han viser til ei eiga flyrute frå Saudi-Arabia til Polen som dekker eit slikt behov. Deretter kjem dei som flyttar sitt vanlege reisemål nordover, til dømes utanlandske bubilturistar som køyrer til Norge i staden for Spania. Den tredje gruppa er norske turistar som vel Norge som feriemål om sommaren, til fordel for altfor varme land, som Spania eller Hellas.
Endring i fleire etappar
Aall trur vi vil sjå meir til alle desse gruppene, og at nordmenn vil supplere med hyppigare sydenturar utanfor den varmaste sesongen. Dette vil vi i Norge merke på fleire måtar, ventar han.
– Først det vi ser starten på nå med økende omfang av sommerturisme i Norge, via langtidsferie knyttet til oppkjøp av feriehus i Norge (dette kan vi alt se nå), til den langt mer dystre konsekvensen i form av folkevandring fra et etter hvert utålelig varmt Sør-Europa og nordover til våre trakter.
– Lurt å søke kunnskap
– Vi vil få en enda større besøkstopp med turister om sommeren, et auka press på utleigemarknaden for leiligheiter i Norge gjennom m.a. Airbnb, meir ferdsel i utmark – truleg òg fleire turistar som har lite kjennskap til norske friluftslivstradisjonar, og sjølvsagt større inntekter til reiselivsnæringa, seier Aall.
For å vere rusta til det som kjem, meiner Aall det er fornuftig av reiselivsnæringa og typiske turistkommunar å skaffe seg meir kunnskap om korleis endringane kan slå ut for dei.
– Den aukande interessa frå reiselivsnæringa og reiselivskommunar for å gjere lokale tolegrenseanalysar, er ein god start.
Strøymer til Noreg for “coolcation” (NRK, 19. juni)