Turismedebatt på Arendalsuka
Torsdag 14. august inviterer Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv til debatt om baksida av medaljen for norsk reiseliv. Foto: Idun A. Husabø
Torsdag 14. august inviterer Vestlandsforsking til debatten “Vekst i reiselivet: gode inntekter, men høge utslepp og slitne lokalsamfunn. Kvar går vegen vidare?” Du finn oss i bakgarden til GRID-Arendal kl. 11–11.45.
2024 var eit rekordår for overnattingar i Noreg, og veksten er venta å halde fram, med utanlandske besøkande som ei viktig gruppe. Pilene peiker oppover, men veksten er ikkje uproblematisk. Trass i at Norge har forplikta seg til å bli eit lågutsleppssamfunn innan dei neste 30 åra, ser vi få tiltak som verkeleg monnar.
“For å nå klimamåla må samfunnet gjennom ei djup omstilling, samtidig som kutt i klimagassutslepp har vist seg å vere særskilt utfordrande for reiselivsnæringa”, seier Kristin Løseth, seniorforskar ved Vestlandsforsking.
Torsdag presenterer ho funn frå det fleirårige prosjektet TourRisk og legg fram tilrådingar for korleis det går an å få ned utsleppa frå reiselivet. Stein Ove Rolland frå Fjord Norge vil peike på kva slags utfordringar næringa sjølv ser knytt til veksten. Deretter inviterer vi til debatt om kor vidt vi treng sterkare nasjonale føringar for å handtere veksten i reiselivet.