Var det rett å stramme inn på Svalbard?
Etter mange års vekst i turiststraumen til Svalbard, innførte styresmaktene strengare reglar for å beskytte natur og miljø i 2025. I ein ny fagartikkel ser forskarane på prosessen fram til innstramminga.
Den kraftige veksten i ekspedisjonscruise i fjordane på Svalbard, var blant grunnane til at miljølovgjevinga for øygruppa vart stramma inn frå 2025 av. Foto: Squarespace
Svalbard er eitt av verdas nordlegaste reisemål, og veksten har vore stor det siste tiåret, ikkje minst fordi klimaendringane har gitt stadig mindre sjøis og lengre sesong for å utforske øygruppa sjøvegen.
Det har vore ein eventyrleg auke i cruisetrafikken, først og framst såkalla ekspedisjonscruise. Her nyttar arrangørane mindre og lettare skip med færre passasjerar enn konvensjonelle cruiseskip. På godt og vondt kan desse ekspedisjonsskipa ta seg djupare inn i fjordane og tilby ilandstiging med kajakk eller gummibåt. Difor kjem dei tettare på det turistane vil sjå: ville dyr som lever under desse ekstreme naturforholda.
Norske styresmakter har medvite satsa på turisme til erstatning for næringar som blir fasa ut på Svalbard. Samtidig har den store auken i skipstrafikk rundt heile øygruppa vore ei kjelde til bekymring: Naturen på Svalbard er utsett for store påkjenningar på grunn av klimaendringane, som slår dramatisk ut på desse breiddegradene. Eit sett med innstrammingar kom på plass i 2025, og det er prosessen rundt desse tiltaka forskarar ved Vestlandsforsking og Nordlandsforskning har skrive om i ein fagartikkel i tidsskriftet Polar Geography utgjeven i mai 2025.
Det nye regelverket har mellom anna avgrensa talet på stader der ein kunne gå i land frå skip, ettersom det var stor bekymring for at dyreartar, vegetasjon og kulturminne tok skade av å få fartøy og folk så tett på.
Dyrelivet på Svalbard må takle mange nye påkjenningar når klimaendringane gjer seg gjeldande. Foto: Squarespace
I høyringane knytt til endringane i regelverk, kom det fram svært mange stemmer, fleire av dei kritiske. Sett frå ståstaden til mange som driv med turisme tett på naturen på Svalbard, var innstrammingane både for kraftige og for dårleg grunngjevne.
– Dei sakna reelle deltakingsprosessar og meir dokumentasjon på at naturen faktisk tek skade av aktivitetane det er snakk om, fortel Kristin Løseth. Ho er ein av forfattarane bak fagartikkelen.
Løseth seier alle er opptekne av at naturen ikkje skal ta skade av trafikkauken, men kritikarane etterspør meir overvaking og bruk av indikatorar i staden for at ein lener seg på føre-var prinsippet. Så langt finst det lite fagleg dokumentasjon på konsekvensane av turisttrafikken.
– Myndigheitene argumenterer med at det er uvisst korleis natur og dyreliv greier seg når klima- og miljøendringane går så raskt. Fordi dei ikkje har oversikt over konsekvensane enno, har dei valt å stramme inn slik at ikkje turismen fører stein til byrden.
Strenge miljøreguleringar og verkemiddel har så langt vore sjeldan kost i arktiske område. Aktørane som driv turisme var neppe budde på at det skulle bli stramma inn så mykje, og håpte at dei gode forslaga dei kom med i prosessen, kanskje vart lytta til. Når forslaga ikkje viste att i høyringsprosessen, var frustrasjonen stor.
– Det er ikkje overraskande at myndigheitene vektlegg føre-var prinsippet, ettersom bevaring av villmarksnaturen på Svalbard har vore og er det sentral målet med forvaltninga av øygruppa. Samtidig kan ein setje spørsmålsteikn ved om det har vore mogeleg med reell medverknad i prosessen og om myndigheitene burde brukt meir tid både på dokumentasjon og på å kommunisere den store uvissa knytt til klimaendringane og verknader av desse for Svalbardnaturen, seier Løseth.