Kor mykje besøk toler ein region?
Turistar strøymer til Norge, og nordmenn reiser i eige land. I enkelte område blir talet på reisande så høgt at det går ut over kvardagen til dei som bur der. Korleis reisemåla kan utforske grensene sine for dette, var nyleg tema då seniorforskar Agnes Brudvik Engeset snakka til nasjonalparkkommunane i sommar.
Framsidefoto og video: Fortelfortell.no
Årdal kommune var i sommar vertskap for årskonferansen til Norges nasjonalparkkommuner. Der stilte seniorforskar Agnes Brudvik Engeset frå Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv for å halde eitt av innlegga.
I dette videointervjuet forklarer Engeset hovudlinjene i tematikken:
Vestlandsforsking jobbar for tida med ein tolegrense- og mogelegheitsstudie for Sognefjorden, i samarbeid med reisemålsselskapet Visit Sognefjord. Målet er å skaffe eit betre grunnlag for å handtere veksten i turismen på ein berekraftig måte.
Fagmiljøet for reiseliv har òg nyleg gjennomført analysar av tolegrenser for andre område som opplever stor tilstrøyming av turistar, og i dei to rapportane som kom i 2024, kjem det fram både positive og negative sider ved dagens situasjon i lokalsamfunna.
Kunnskapsgrunnlag for tolegrenseanalyse av Eidfjord kommunesenter, 2024, på oppdrag for Eidfjord kommune
Kunnskapsgrunnlag for vurderingar av tolegrenser for cruiseturisme i Longyearbyen, 2024, på oppdrag frå Visit Svalbard, finansiert av Svalbards Miljøvernfond
Kva reisemål ynskjer vi å ha?
Tolegrenser er naturlegvis ikkje absolutte. I samandraget av Svalbard-rapporten minner forskarane om at det er viktig at ein kombinerer slike utgreiingar med prosessar som får fram kva lokalsamfunnet har av behov og ønske for det lokale reiselivet i framtida:
“Vi føreslår ei rekkje tiltak som kan iverksetjast for å betre opplevinga og gevinst av cruisetrafikken, og vi lanserer ei «moralsk tolegrense», der vi oppmodar til refleksjon over kva slags reisemål Longyearbyen ynskjer å vere. Medan tankesettet i forsking på toleevne, eller «carrying capacity», tidlegare fokuserte på «kor mykje kan vi tole?», ligg merksemda no meir på «kva slags reisemål ynskjer ein å ha»? Dette er eit tankesettet som vi tilrår Longyearbyen som reisemål å anvende”.