Nytt prosjekt om framtidas reiselivsutdanning
Professor Ove Oklevik er leiar for det nye prosjektet. Foto: Vestlandsforsking
Høgskulen på Vestlandet startar opp eit nytt forskingsprosjekt om framtidig utdanning og kompetanseheving i turistnæringa. Prosjektet tek for seg ei utfordring som finst i fleire land: korleis ein kan skaffe nok kompetent arbeidskraft til reiselivet.
Forskingsprosjektet The Future of Tourism Education skal gå over tre år og har fått løyvd 400 000 euro i Erasmus+-midlar.
Prosjektet er eit samarbeid mellom HVL og tre europeiske partnarinstitusjonar: Turku University of Applied Sciences i Finland, Universitetet i Coimbra, som ligg i Portugal, og Erhvervsakademi Sydvest i Danmark.
Næringa treng folk
Professor Ove Oklevik leier prosjektet. Han samlar prosjektpartnarane til eit oppstartmøte tidleg i september.
Prosjektleiaren fortel at prosjektet møter ei utfordring som er felles for alle partnarlanda: Reiselivsnæringa er i betydeleg vekst overalt, men det er stor mangel på arbeidskraft i næringa.
– Samtidig går studenttala for reiselivsleiing ned. Det er ein internasjonal trend, seier Oklevik.
Alternativ kompetanseutvikling
I tillegg til Oklevik er det tre prosjektdeltakarar frå HVL: Førsteamanuensis Gregory Kwiatkowski, Førstelektor Helene Maristuen og høgskulelektor John Olav Brekke.
Gjennom prosjektet skal HVL og partnarinstitusjonane finne fram til måtar å bidra til kompetanseutvikling i reislivsnæringa utover dei tradisjonelle utdanningsløpa.
Deltakarane i prosjektet skal teste ut nye didaktiske og pedagogiske grep på tvers av fire land og på fire nivå: vidaregåande skule, høgskule og etterutdanning, seier Oklevik.
– Dette er ein god mogelegheit til å teste ut nye måtar å undervise på, som vi ikkje får til innan dei ordinære driftsrammene.
Brukar utdanninga som laboratorium
Etter kvart er målet at arbeidet skal danne seg nokre konklusjonar, som igjen vil danne grunnlag for tilrådingar til undervisingsmateriell. Med basis i desse tilrådingane skal prosjektgruppa utvikle eit sett med kurstilbod. I tillegg er det lagt opp til både forsking og publikasjonar gjennom prosjektperioden.
– Reiselivsutdanningane våre fungerer som laboratorium for dette arbeidet, seier prosjektleiaren.
– Vi utviklar nye måtar å undervise på, som kjem både studentane våre og oss sjølve til gode.