Gav studentar eit glimt av næringa
Gjesteførelesing ved HVL 1. september. Foto: Idun A. Husabø
Han har ein fot i reiselivet og ein i forsking og utvikling. Det er eit godt utgangspunkt for å vekke merksemda til reiselivsstudentar.
– Korleis førebudde du deg første gong du skulle møte foreldra til kjærasten din? Førelesaren har merka seg eit par blant studentane framfor seg, og nyttar høvet til å trekke linjer frå ein potensiell svigerson som vil gjere eit godt inntrykk, til rolla som turistvert i møte med ferierande gjester.
– Det handlar om forventningar, og om å overgå forventningane og få folk kjenslemessig engasjerte!
Bård Huseby, som i tillegg til ei stilling ved Vestlandsforsking er eigar av Fjærland Fjordstove Hotell, er ingen alminneleg førelesar. Med fargerike historier frå møte med internasjonale gjester og refleksjonar om næringa han er ein del av, hadde gjesteførelesaren nok å by på til at dei tjue studentane ved reiselivsstudiet til Høgskulen på Vestlandet lytta nøye.
I førelesinga si var Huseby innom mange personlege kjepphestar, som å ha eit godt verdigrunnlag, lage alliansar med andre i næringa, vere stolt og ikkje underdanig og samtidig som behandle gjestene godt og alltid halde på høg kvalitet – uansett om det er relativt lite pengar å tene. – Hugs at dette er ferien deira!
Bård Huseby har lang fartstid i reiselivet i Sogn. Han er òg tilsett ved Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø
Huseby har i fleire år eigd og drive det han kallar «et lite, hvitt trehotell ved fjorden». Grunderen har òg erfaringar frå ein særeigen marknad som kastar meir av seg enn drift av hotell: å lage skreddarsydde turar for mindre grupper av turistar og følgje dei rundt. Gruppa vi snakkar om er smal, men betalingssterk, og Huseby nemnde døme på kor store summar enkelte aktørar kan tene på slike tilreisande. Ein del slike turistar kjem om vinteren, og kan dermed bidra til at ein òg lukkast med heilårsdrift, slik mange ønskjer.
Også frå dette segmentet henta han artige poeng, som at noko heilt enkelt kan snuast til noko attraktivt, som då eit superrikt indisk par vart innkvarterte på eit ørlite rom i staden for i ein svær suite - og elska det, eller som då han sette ei gruppe privilegerte utlendingar på offentleg transport på veg til skitur:
– Dette er folk som har opplevd ALT, men som aldri har teke trikken, sa Huseby.
Ein av studentane lurte på korleis det er å forhalde seg til folk som har så mykje pengar. «Nittini prosent er hyggelege folk», svarde Huseby med eit lurt smil, og viste til kor viktig det er å «lese» kundane og førebu seg godt.
Ein annan student ville vite kor mange «perler» det eigentleg er å få tak i for dei som deler draumen om eit lite hotell ved ein fjord, og Huseby understreka at det var rom for mange. Samtidig var han ærleg med studentane om at alle åra med hotelldrift har kravd mykje hardt arbeid, og at det tok mange år før han kunne tilsetje ein dagleg leiar og senke skuldrene litt.
– Så ein må synast at dette er moro å drive med.