Arendalsuka: Diskuterte korleis cruise kan gagne bygdene meir
Cruiseanløp i Vik i Sogn, sommaren 2026. Foto: Noralv Pedersen
Korleis kan bygdene som tek imot tusenvis av passasjerar frå cruiseskip, tene meir på dei som kjem, til gode for lokalsamfunnet? Temaet var utgangspunktet for sofasamtalen Bård Huseby leia under Arendalsuka.
Frå debatten i Arendal 11. august. Foto: Vestlandsforsking
I Sogn er Skjolden, Flåm og Vik døme på lokalsamfunn som tek imot mange cruiseskip i sommarhalvåret. Blant dei finn vi òg eit visst spenn i tilbod av aktivitetar i land.
Som andre bygder i distrikta, treng dei inntekter og arbeidsplassar, men har først og fremst storslått natur å by på.
Verdiskapinga frå cruiseturisme i norske bygder varierer stort. Medan større byar gjerne har eit vidt spekter av aktivitetar og kommersielle tilbod, tek det tid å utvikle aktivitetsmenyar i små bygder med cruisehamner.
Lokal inntening frå cruise handlar både om korleis det lokale næringslivet riggar seg, korleis kommunane engasjerer seg og om korleis ein organiserer utflukter for at noko av innteninga skjer lokalt.
Kommunen i førarsetet?
På Arendalsuka leia forskar Bård Huseby samtalen om korleis ein kan rigge seg betre, og ikkje minst, kven som skal gå i bresjen.
I sofaen sat Siri Martinsen (Ap), statssekretær for næringsministeren, Ole Michael Bjørndal, fagdirektør for næringspolitikk i NHO, Britt Dalland, prosjektleiar besøksforvaltning og seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, Monica Berstad, dagleg leiar i Cruise Norway og Andreas Wollnick Wiese, som er ordførar i cruiskommunen Luster i Sogn.
Sistnemnde sa dette til nettavisa Porten etter debatten:
– Me skal rydda opp i ein del problemstillingar som har vore. Me er ganske einige om kor vegen vidare kanskje skal gå. No skal kommunen setja seg sjølv litt i førarsetet på reiselivstenking i Luster, slik at me faktisk tek den koordinerande rolla.
Han la òg vekt på at kommunen ikkje skal detaljstyre reiselivet, men syte for at problemstillingar som vedkjem fastbuande, kjem på dagsorden.
– Det er naturleg at me tek den overordna styringa, for kommunen er ansvarleg ovanfor innbyggjarane. Det tyder ikkje at me har ein intensjon om å legga oss opp i alle detaljar, men me skal ta i vare dei legitime problemstillingane knytt til overturisme og trengsel, sa Wiese til Porten.
Vestlandsforskings Bård Huseby var i Skjolden som guide på privat basis då megaskipet MS Arvia vitja bygda. Cruiseskipet vart bygd i 2022 og har plass til 5200 passasjerar. Om bord finst det 30 serveringsstader. Skipet er det største som siglar ut frå Storbritannia. Foto: Bård Husby
Kunnskap som manglar
Dei som deltok i debatten, sette fingeren på fleire kunnskapshol som kan vere aktuelle i seinare fou-samarbeid med lokalsamfunn og reiselivsaktørar.
Bård Huseby merkar seg desse med tanke på oppdrag for kommunar med omfattande reiselivsaktivitet.
– Korleis kan vi få til at cruiseskipa handlar lokal mat og drikke i land? Dette er berre eit av temaa som opptek oss, seier Huseby, som har eit prosjekt på gang hausten 2026 saman med Eivind Brendehaug, også han ved Vestlandsforsking og Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv.