Sjå webinarrekka vår

Frå webinaret om hyttebygging og verdiskaping 9. april. Frå venstre: Alexandra Meyer (Vestlandsforsking), Sverre Landmark (Sogndal Skisenter Eigedom) og Idun A. Husabø (Vestlandsforsking).

Våren 2026 byr vi på ei heil webinarrekke med tema frå oppdraget vårt for Sognarådet og enkeltkommunar i Sogn. Nedanfor kan du sjå webinara vi har hatt. Du finn òg lenker til dei to webinara vi skal halde i mai og i juni.

Eksplosiv vekst i Airbnb - kva kan kommunane gjere?

Webinar 24. mars 2026 med Stefan Karlstrøm frå Aurland kommune og forskar Alexandra Meyer i samtale med Idun A. Husabø.

 

Korleis kan hyttebygging styrkje lokal verdiskaping og gi varige ringverknader?


Webinar 9. april 2026. Samtalen med Sverre Landmark, styreleiar i Sogndal Skisenter Eigedom og forskar Alexandra Meyer er leia av Idun A. Husabø.

 

Fleire folk til fjells - kva med villreinen?

I eit webinar 16. april ser vi på kva tiltak som kan hindre at ferdsel i fjellet forstyrrar villreinen. Vi har med oss Haaken Christensen i rådgjevingsselskapet Spor AS, Solveig Kvakestad ved Steinbergdalshytta i Aurlandsdalen og naturrettleiar Kamilla Rust frå Norsk villreinsenter Nord. Webinaret er leia av Idun A. Husabø frå Vestlandsforsking.

 

21. mai: Stiar og naturattraksjonar under press – er meir tilrettelegging alltid svaret? 

Turistar strøymer til Trolltunga, Molden og andre kjende turmål. Når stadig fleire legg ut på slike turar, kva kan vi gjere for å ivareta naturen, lokale turgåarar og opplevingskvaliteten?

I dette webinaret ser vi på funn frå ein fersk analyse av toleevna ved fire populære turmål i Sogn. Eit viktig spørsmål er kva kommunar, destinasjonsselskap, frivilligheit, grunneigarar og forvaltning kan gjere – kvar for seg og saman.  Haaken Christensen frå Spor Natur og Reiseliv deltek saman med Anna Kobbeltvedt i Sogn friluftsråd og Marte Meland i Luster kommune. Samtalen er leia av Idun A. Husabø.

 

24. juni: Økonomiske ringverknader av cruiseturismen på Vestlandet

Stadig fleire cruisepassasjerar  kjem til bygdene på Vestlandet, og talet på folk som går i land og deltek på aktivitetar, har stige over fleire år. Fordi mange aktørar er involverte frå turisten tingar reisa til utflukta er gjennomført, varierer det kor pengane blir liggande att. 

Vestlandsforsking skal undersøke korleis utfluktene blir organiserte i hamner på Vestlandet, og sjå nærare på korleis organiseringa påverkar økonomiske ringverknader for lokalsamfunna. I webinaret møter du Bård Huseby (Vestlandsforsking/Fjærland fjordstove og guide i Skjolden), Ole Øyen (Breheimsenteret), Christian Hellumsand (Skjolden Port) og Eivind Brendehaug (Vestlandsforsking). Samtalen er leia av Idun A. Husabø ved Vestlandsforsking. 

Ta kontakt!

Har du spørsmål eller innspel om webinara? Ta kontakt med senterleiar Kristin Løseth eller webinarvert Idun A. Husabø.

Neste
Neste

Webinar 21. mai: Populære turmål - korleis kan vi leggje til rette for auka ferdsel?