Webinar 21. mai: Populære turmål - korleis kan vi leggje til rette for auka ferdsel?

Fleire legg ut på tur i Norge. Det betyr meir slitasje på stiar og større påkjenningar for dyr og planter. Kva kan vi gjere med det?

Webinar: Populære turmål - korleis leggje til rette for ferdsel?

Dato: 21. mai. 2026

Tidspunkt: kl. 12:15-13:00

Sjå webinaret her

I det neste webinaret vårt i ei rekke på fem denne våren, set vi søkelys på ei uheldig side ved veksten i norsk reiseliv: slitasje på natur i populære turområde.

Treng meir tilrettelegging

Auka ferdsel og bruk av natur til både reiseliv og friluftsliv skaper eit større behov for å finne rett balanse mellom naturforvalting og besøksstyring. At fleire ferdast i fjellet, fører til meir slitasje på stiar og vegetasjon, forstyrrar dyreliv og skaper behov for meir informasjon og tilrettelegging.

I tillegg er det mange uerfarne turgåarar på fleire turmål, som gjerne har mindre innblikk i sporlaus ferdsel og andre normer for bruk av naturen. Klimaendringane bidreg òg til at slitasjen aukar: Nedtrakka område eroderer fortare når det regnar meir enn før, og stiar kan bli vaska bort eller øydelagde av hyppigare flaumar og skred. 

Molden er ein svært populær tur for tilreisande og lokale innbyggjarar. Foto: Spor Natur og Reiseliv

Fire populære turar i Sogn

I dette webinaret ser vi på korleis vi kan drive god besøksforvalting knytt til populære stiar og naturbaserte attraksjonar. Tematikken er henta frå ei utgreiing Spor Natur og Reiseliv har gjort for Vestlandsforsking i samband med eit større oppdrag for Sognarådet om toleevne og mogelegheiter i reiselivet i Sogn. Turmåla som er undersøkte, er valde ut av Sognarådet:

  • Prest i Aurland

  • Molden i Luster

  • Vindhellavegen (Kongevegen) i Lærdal

  • Utladalen-Vetti (Vettisfossen) i Årdal


Idun A. Husabø ved Vestlandsforsking intervjuar Haaken Christensen i Spor Natur og Reiseliv om funna i studien. I tillegg har vi med Marte Meland i Luster kommune og Anna Kobbeltvedt i Sogn Friluftsråd som begge møter på denne problematikken i arbeidet sitt.

Sjå webinaret HER

Les notatet “Toleevneanalyse for fire populære turmål i Sogn”

Forrige
Forrige

Sjå webinarrekka vår

Neste
Neste

Webinar 16. april: Fleire folk til fjells – kva med villreinen?