Skreddarsyr Kulturjakten med KI
Appen Kulturjakten skal utviklast vidare ved hjelp av KI. FoU-samarbeidet involverer Link Utvikling i Bergen og Vestlandsforsking i Sogndal. Frå venstre: Ivar Petter Grøtte (forskar), Hana Colakovic (dagleg leiar) og Eirik Aasen (prosjektleiar). Foto: Sogn Avis
Appen Kulturjakten gjer det artig å gå på oppdagingsferd blant gamle bygg og sjåverdigheiter i byar og bygder. Dei neste to åra skal Vestlandsforsking samarbeide med gründerverksemda bak appen når dei tek i bruk KI for å løfte seg til eit nytt nivå.
– Vi er opptekne av å utvikle tenester på kulturområdet og reiseliv med KI som ein viktig komponent, seier forskar Ivar Petter Grøtte.
Det kan minne om «Pokemon Go» eller stolpejakt, men det handlar om noko anna. I appen Kulturjakten er pokemonfigurane og stolpane bytte ut med kulturattraksjonar som stavkyrkjer, statuar og ærverdige bygg. Dei som brukar appen, er alt frå familiar til turistar og mosjonistar på jakt etter frisk luft, lærdom, lærdom og motiverande poeng.
Gründerar frå HVL
Historia om Kulturjakten byrjar med to nyutdanna 23-åringar som gjer ein god idé om til eit levebrød. Begge hadde studert innovasjon og leiing, og gjekk rett på sak. Ein million kroner frå Forskingsrådet gjennom ordninga Studenten kom godt med.
I dag tel Link Utvikling AS fem tilsette. Typiske kundar er kommunar og museum. Kulturjakten vart lansert i Bergen i 2024, og der kan du no vandre rundt og lære om både ukjende og velkjende stader og kulturminne som Bryggen, «Beffen», Fløybanen og Haakonshallen.
Hana Colakovic viser korleis appen Kulturjakten fungerer. Ved bordet sit (f.v.) Mari Hanssen Korsbrekke, Ivar Petter Grøtte, Carlo Aall og Eirik Aasen. Foto: Idun A. Husabø
– Mange veit rett og slett ikkje kor dei finn informasjon om kulturminne og historie i sitt eige nærmiljø. Difor ville vi utvikle ei løysing som kombinerer teknologi, formidling og oppleving, seier Hana Colakovic, dagleg leiar i Link Utvikling AS. Saman med prosjektleiar Eirik Aasen besøkte ho Vestlandsforsking 26. mars for å ha oppstartmøte med teknologiforskar Ivar Petter Grøtte.
Forskingsrådet har løyvd midlar til instituttet og grunderselskapet frå ordninga Innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN). I dei to åra som kjem, skal forskarane og gründerane samarbeide om å løfte Kulturjakten til eit nytt nivå.
Persontilpassa oppleving
Er ikkje kyrkjer di greie? Eller skal du ha med deg eit barnebarn på kulturjakt? Av og til kan standardisert informasjon vere kjedeleg. Men viss appen forstår at du tykkjer konsertlokalet Hulen på Møhlenpris er meir spennande enn kunstmuseet Kode, kan det bli fart på bruken.
– I Kulturjakten 2.0 ønskjer vi å ta appen eit stort steg vidare, forklarer Colakovic. Målet er å gjere opplevinga meir personleg, relevant og engasjerande for kvar enkelt brukar. Gründerane vil bruke kunstig intelligens for å tilpasse innhaldet betre til ulike interesser, behov og målgrupper.
Appen Kulturjakten viser brukarane kor dei finn sjåverdige bygningar, monument og stader, til dømes i Bergen. I den nye versjonen, som gründerane og forskarane skal jobbe med å utvikle og teste dei neste to åra, vil opplevinga vere mer tilpassa den enkelte. Illustrasjon: Link Utvikling AS
Ulike brukarar kan då få presentert det same kulturminnet på ulike måtar, basert på kva dei er mest interesserte i. For nokon er Troldhaugen først og fremst interessant som eit døme på nasjonalromantisk arkitektur og sveitsarstil, medan andre heller vil vite litt om livet til Edvard Grieg og musikken han komponerte.
KI kan også bidra i å tilpasse språk, form og innhald slik at appen blir meir tilgjengeleg og treffsikker, forklarer Colakovic.
– Vi trur dette kan gjere formidling av kulturarv både meir inkluderande, meir lærerik og meir motiverande, seier ho.
Med på alle stega
Samarbeidet mellom forskingsinstituttet og gründerselskapet vil dei neste to åra by på utvikling og testing. Vestlandsforsking vil følgje Link Utvikling tett, både i å kartlegge brukarane sine behov, bidra med innspel om bruken av KI og prøve ut prototypen på folk i ulike målgrupper.
For Link Utvikling er det viktig å få eit sterkt fagleg og forskingsbasert grunnlag for vidare utvikling av Kulturjakten. Å utvikle ny teknologi er ein ting, men dei vil òg forstå kva som faktisk fungerer for brukarane.
– Gjennom samarbeidet med Vestlandsforsking ønskjer vi å få meir kunnskap om korleis KI, personalisering og spel-element påverkar engasjement, læring og oppleving, seier Hana Colakovic.
– Vi håper også samarbeidet kan bidra til å styrke kvaliteten i løysinga vår, redusere risiko i utviklingsarbeidet og gje oss innsikt som kan løfte prosjektet vidare. Dette handlar både om å utvikle ein betre app og om å bygge ny kunnskap som kan få verdi ut over vårt eige prosjekt, seier ho.
Nyttig for reiselivet
For Vestlandsforsking ligg litt av verdien i samarbeidet i å ta i bruk kunstig intelligens på nye område.
– KI skal hjelpe kommunane med å utvikle innhald og halde det ved like. No kan dei gjere det meir effektivt, men utviklinga må likevel alltid skje under kontroll av menneske, seier Ivar Petter Grøtte, den av teknologi- og samfunnsforskarane ved instituttet som har mest med det nye prosjektet å gjere.
Grøtte er særleg oppteken av korleis KI kan vere til nytte for turistsektoren.
– Vi har ikkje eigeninteresse av produktet, men i bruken av kunstig intelligens. Vi er òg opptekne av å utvikle tenester på kulturområdet og reiseliv med KI som ein viktig komponent, seier Ivar Petter Grøtte.
– Å kunne hjelpe slike spennande aktørar med forskingsbidrag, er heilt topp.
Sogn Avis, 1. april 2026: Nytt prosjekt koplar KI til reiseliv