Webinar 9. april:  Korleis kan hyttebygging styrke lokal verdiskaping og gi varige ringverknader? 

I Sogndal sitt skiparadis ønskjer utbyggarar seg opptil 1000 nye hytter. Kva vil lokalsamfunnet tene på det? Korleis kan kommunar sikre at dei få varige verdiar ut av hyttebygging? Det er tema for eit webinar i regi av Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv 9. april.

Vi er umettelege i Norge. “Alle” vil ha ei hytte å reise til i feriar og helgar, anten ved sjøen eller på fjellet. Trass i åtvaringar om at vi byggjer ned for mykje natur, får Norge stadig større og fleire fritidsbustader. 

Mange av dei tettbygde felta er knytte til etablerte reiselivsdestinasjonar. For mange distriktskommunar med slunken kommunekasse, byr nordmenns appetitt på hytter på ein fantastisk mogelegheit til auka aktivitet, nye arbeidsplassar og verdiskaping i lokalsamfunn som treng det sårt. I småkommunar kan ei større utbygging framstå som eit spørsmål om liv og død.  

Difor er det avgjerande å sikre at hytteutbygging faktisk skaper varige verdiar som styrkar lokalsamfunnet.  

Håp om auka forbruk 

Kommunar med mange hytter og fritidsbustader er ofte prega av vedvarande folketalsnedgang og ein relativt svak næringsstruktur. I slike område kan hytteutbygging ha positive effektar på lokaløkonomien. 

Dette kan skje anten gjennom eit kortvarig økonomisk løft knytt til sjølve utbyggingsfasen, eller gjennom meir langsiktige verknader for delar av det lokale næringslivet. 

–  Vi snakkar då særleg om auka forbruk etter at bustadene er tekne i bruk, seier Alexandra Meyer.  Den lokale verdiskapinga er størst der det alt finst ein velfungerande marknad, og der tilbod og tenester er knytte til eit lokalt sentrum. 

Det må nemnast at det er utfordrande å kartlegge den lokaløkonomiske effekten av fritidsbustader, i hovudsak på grunn av manglande tilgang til - og nivå på - data, seier Meyer. Meir til eksterne 

Nyare forsking tyder på at utviklinga går i feil retning for håpefulle hyttekommunar.  

– Vi får meir av større hyttefelt, og ein stadig større del av verdiskapinga i nybyggingsfasen tilfell eksterne aktørar, seier Alexandra Meyer. Dette heng saman med feltutvikling, bruk av ferdighytter, strengare tekniske krav og eit aukandebehov for kapital og kapasitet. 

Ho fortel at det er i den såkalla «ettermarknaden» potensialet for lokal verdiskaping er størst.  

– Dette omfattar både investeringar i eksisterande hytter, som oppgraderingar og utvidingar, og forbruk knytt til bruk av hyttene.

Utbygging på trappene i Sogndal 

I Sogndal i Vestland står kommunen midt i ein prosess knytt til regionsenteret sin skidestinasjon. Kommunen jobbar no med planprogrammet for ein kommunedelplan for området, som lokalt går under namnet Hodlekve. Arbeidet legg rammene for den vidare utviklinga av ski- og utfartsområdet. 

Kor omfattande og fortetta utbygginga blir, er framleis ope. Det mange lurer på, både i Sogndal og elles i hyttekommunane, er nettopp korleis ein større del av dei nye verdiane kjem lokalsamfunnet til nytte – også etter at hyttene er bygde. I eit webinar 9. mai møter du Sverre Landmark, styreleiar i Sogndal Skisenter Eigedom og seniorforskar Alexandra Meyer i samtale med Idun A. Husabø, begge frå Vestlandsforsking. 

Tidspunkt: 9. april kl. 12.15– 13.00

Sjå webinaret her

Webinaret er del av ei rekke på fem, frå mars til juni 2026. I desse webinara formidlar Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv funn frå ei utgreiing om mogelegheiter og toleevne i reiselivet i Sogn, utført for Sognarådet i 2025. Kristin Løseth ved Vestlandsforsking har hatt det overordna ansvaret saman med Agnes B. Engeset. Alexandra Meyer har stått for delstudiar om utvalde tema.

Neste
Neste

Skreddarsyr Kulturjakten med KI