Aurland, Luster og Vik: Kjem det for mange turistar?
Seniorforskar Kristin Løseth har undersøkt turisttrykket i tre kommunar med høgt besøkstal. Foto: Idun A. Husabø
Trivst innbyggarane i Sogn med turisttrykket dei har i dag, eller er det på tide at kommunane tek grep? Ferske innbyggarundersøkingar gir svar.
Sjå for deg ei sommarstille fjordbygd med nokre hundre innbyggarar. Eit cruiseskip legg til, og stilla blir broten av passasjerar som strøymer i land. Brått er folketalet fleirdobla og stemninga i bygda ei heilt anna.
– Cruisetrafikk skapar endring i små bygder, på godt og vondt. Undersøkingane våre prøver å få fram innbyggarane sine erfaringar, og kva dei meiner bør gjerast for å handtere cruisetrafikk på ein god måte, seier Kristin Løseth, seniorforskar og leiar i Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv.
Innbyggarane sine stemmer
Då Sognarådet i 2025 tinga eit oppdrag frå Vestlandsforsking om å undersøke tolegrenser og mogelegheiter for turisme i Sogn, valde tre kommunar å bestille ei ekstra utgreiing, der innbyggarundersøkingar stod sentralt.
Kommunane Luster og Vik ynskte særleg fokus på cruisetrafikken i sine innbyggarundersøkingar, medan undersøkinga i Aurland gjekk på reiselivet generelt i ein kommune som opplever stort trykk frå mange ulike typar turistar.
– Svara kan brukast til å samanfatte kva utfordringane er i kvar kommune, men òg til å få innblikk i heilt konkrete akilleshælar, som at Luster treng fleire gangvegar på grunn av trengsel langs vegane og stor trafikkfare for mjuke trafikantar, forklarer Løseth.
Små bygder og manglande infrastruktur
Sjølv om haldningane til reiseliv generelt er positive i dei tre kommunane, er hovudfunna at meiningane om cruise er svært delte i Vik og Luster, medan dei i Aurland slit med å handtere den store veksten norsk reiseliv har opplevd dei siste åra.
I alle tre kommunane handlar utfordringane i stor grad om at bygdene og vegane ikkje er dimensjonerte for store mengder turistar.
Cruiseturismen engasjerer mange innbyggarar. Her er forskar Agnes B. Engeset på folkemøte i Skjolden i 2025. Foto: Kristin Løseth
– Ser ein vekk frå hamneområdet i Aurland, som gjennom åra har blitt rigga for å handtere store grupper med cruiseturistar, er bygdene og infrastrukturen bygd med tanke på nokre få hundre til tusen innbyggarar. Då er det klart det vert utfordringar når det kjem skip med fleire tusen passasjerar på ein gong, seier Løseth.
Toalett, søppel og trafikk
Som ganske nye cruisehamner, slit både Vik og Skjolden med grunnleggande infrastruktur. Vik sentrum er lite, og dei største utfordringane er knytt til manglande toalett, søppeldunkar, turistar som ikkje respekterer kulturlandskap og jordbruk, og at det er få aktivitetstilbod for turistane som kjem til bygda. Skjolden har liknande utfordringar, men her blir det òg trafikkproblem på grunn av smale vegar og manglande gangvegar.
Som del av oppdraget for Sognarådet, gjorde forskarane feltarbeid ved attraksjonar som Hopperstad stavkyrkje på dagar med cruiseanløp. Foto: Agnes B. Engeset
Aurland har på mange måtar lykkast godt med reiselivet i kommunen, og innbyggarane ser dei positive effektane, både i form av inntekter til næringsaktørar og kommune, og at reiselivet gir mange heilårsarbeidsplassar. Dei har hatt ei demografisk utvikling andre distriktskommunar misunner.
– Samstundes er det her utfordringsbiletet er mest komplekst, der det samla besøkstrykket gjennom høgsesongen skapar kaos på enkelte vegstrekningar, vanskar med bustadmarknaden og trengsel i bygdene, i tillegg til «dei vanlege» utfordringane med for få toalett og søppeldunkar, seier Løseth.
Mykje å lære av Aurland
Samanlikna med Luster og Vik, plasserer Aurland i ein eigen liga, med sine godt etablerte reisemål. Medan verdiskapinga er på plass der, er dei to andre kommunane undervegs i å bygge opp noko nytt rundt cruise. For dei er det lærdommar å hente i nabokommunen.
– Aurland har fått til mykje, men utviklinga der viser og at utfordingane ikkje forsvinn med auka verdiskaping. Sjølv om reiselivet kan gi kommunane gode inntekter og arbeidsplassar, må dei vere klare over at det krev ressursar for å handtere stor besøksvekst.
– Med innbyggarundersøkingane har kommunane fått meir innsikt i korleis folk opplever turismen, og nylege avisoppslag viser at kommunane ønskjer å ta tak. Reiseliv er ei næring som kjem tett på folk, og det er viktig at innbyggarane sine stemmer blir lytta til i dei vidare prosessane, avsluttar Løseth.