Rapport om tolegrenser klar

Frå feltarbeid i Skjolden sommaren 2025. Foto: Agnes B. Engeset

Vestlandsforsking har i 2025 utført ei større utgreiing for Sognarådet om mogelegheiter og tolegrenser for reiselivet i Sogn. No er hovudrapporten og notata frå studien klare.

To seniorforskarar, Kristin Løseth og Agnes B. Engeset, har utført hovuddelen av forskinga på korleis kommunane i Sogn kan handtere straumen av turistar til regionen på best mogeleg vis. Vestlandsforsking har hatt prosjektleiinga for oppdraget, som er gjennomført i samarbeid med Norsk Institutt for naturforskning og Spor. Forskarane har òg hatt godt samarbeid med reisemålsselskapet Visit Sognefjord, som har vore faglege rådgjevarar på prosjektet. Kommunal arbeidsgruppe for masterplan har i tilegg bidrege i to møte undervegs.

Cruisekommunar

Hovuddelen av oppdraget er utført av Agnes B. Engeset og Kristin Løseth (senterleiar). Foto: Idun A. Husabø

I tillegg til oppdraget frå Sognarådet har kommunane Aurland, Luster og Vik kommune gjeve oss tilleggsoppdrag som i hovudsak har dreia seg om å gjennomføre innbyggarundersøkingar og utvikle ny kunnskap knytt til cruisetrafikken i dei tre kommunane. I Luster og Aurland har rådgjevingsselskapetg bidrege med notat som diskuterer moglegheiter for å styre ferdsel i villreinområda.

Korttidsleige

Vestlandsforsking har gjennom det nyopna Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv tilleggsfinansiert delar av arbeidet. Vi har valt å bruke ekstra ressursar på enkelte tema, som i tillegg til å vere del av denne rapporten, vil verte publisert i eigne notat på kunnskapssenteret sin nettstad, www.reiselivssenter.no. Dette gjeld til dømes delen om kommunen sitt handlingsrom knytt til korttidsutleige.

Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv legg opp til ei seminarrekke våren 2026 om funna frå undersøkingane.

Les rapporten her

Notat om Nærøyfjorden

Notat om 4 turmål: Prest, Vettisfossen, Molden og Kongevegen (Spor)

Neste
Neste

Ny studie viser kor skoen trykker i reiselivet i Sogn